Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Todalsmarked» under Todalsdagen 2. juli

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. juni 2022

Under Todalsdagen 2. juli på Bordholmen stadion, ønsker Todalen Idrettslag å «løfte» fram alle dei flinke lokalprodusentane, som finst i Todalen. Mange av desse har allereie takka ja til å vere med, og om det skulle vere fleire som ønsker å vere med, er det berre å ta kontakt med Elinor Bolme for å melde seg på, gjeld lokalprodusentar i Todalen og på Nordvik. 

Alle lokalprodusentane stiller med eigne bord og det dei treng for sin eigen stand. 

På «Todalsmarkedet» vil det vere eit godt utval av ulike varer. Vi nemner: Egg, honning, treprodukt, strikking, yoghurt, ulike ostar, skinn og meir til!


 

Publisert: 19. juni 2022, 20:23