Nytt innslag på årets Todalsdag er Todalsmarked – der arrangementskomiteen hadde ønske om å prøve noko nytt. Det er rett og slett ei utstilling og salg av husflid, slikt som tradisjonelt har vore bydd fram på julemesser og liknande. På Todalsdagen fekk dei no reiskapshuset på Bordholmen til disposisjon og bruka bord og stativ for å vise fram varene sine for å by dei fram for sal.
Vi er faktisk så heldige at vi har fleire som driv med forskjellig husflid, og det er difor mange slags varer som blir bydd fram for sal. Nedafor har vi lagt ut bilder med bildetekster som fortel kva den enkelt lagar og byr fram. Todalsdagen regna mestå heilt bort så det vart ein kort og hektisk salsdag, men dei reknar med fleire sjansar – ellers er dei da å treffe heime dersom du ønskjer å kjøpe eit eller anna frå dei. Da er det berre å ta kontakt.