Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalslaksen – avklaring i neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juli 2024

Det har vore mykje dramatikk i etterkant av stenginga av 33 norske lakseelvar den siste tida.  Toåa har ikkje vore omfatta av stenginga, men det har derimot Surna og Søya her i nærområdet.  Den siste tida har det vore lakseteljing i elvane – i Toåa har det vore to i eigen regi av stamlaksgjengen og ei i regi av Skandinavisk  Naturforvaltning  (på oppdrag frå Lerøy).  Fredag ettermiddag deltaok Stig Husby på timesmøte saman med Direktoratet for Naturforvaltning, NINA, Statsforvaltaren I M&R og Norske Lakseelver. 

Lakseteljing i Toåa – arkivbilete Jon Olav Ørsal

Stig fortel at Toåa er godt fulgt oppbåde lokalt og mot direktoratet.  Direktoratet har fått rapporten om tilstanden i elvane og vil ein av dei første dagane over helga ta stilling til kva som skal skje med laksefisket i elvane.  Husby håpar å unngå at elva blir stengt, men sjølv om Toåa blir opa i fortsettinga, så kan det for eksempel bli ope for fluefiske og 100 % utsettinga av eventuell fangst.  Stamfiskarane seier at det er ein god del fisk i elva, men det har vore få fiskarar og låg fangst i første del av sesongen. I skrivande stund er det teke 5 laksar i Toåa.

Husby fortel vidare at Toåa ikkje har hatt noko stor påtrykk frå fiskarar frå stengte elvar i området – dei har i større grad søkt til elvar i Nord-Norge der tilstanden og fangstresultatet er meir normalt. Det er nemleg elvane i Møre og Romsdal og Trøndelag som har størst svikt i innsiget av laks frå havet.  Husby seier at TEL (Todalen elveeigarlag) gjorde rett når vi alt før sesongen starta la inn ein del begrensingar  – og denne veka har vi stramma inn ytterligare med utsetting av all hanlaks over 65 cm.

Fin vassføring i Toåa no etter eit par dagar med regn. I skrivande stund er vassføringa 14 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen. (6.7.24 kl 06.00. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

No er vi midt i ferietida, men vi er god forebudd  på å sette inn og handheve naudsynte tiltak og pålegg frå Direktoratet.  Kva som skjer blir som sagt klart ein av dei første dagane over helga.  Dette er det sjølvsat knytta stor spenning til i alle berørte elvar, og vi håpar at dette blir respektert av alle.   – Som ein av møtedeltakarane sa på møtet fredag:  «Vi kan ikkje øydelegga all settepoteta vår – vi må tenke på framtida», seier Stig Husby til slutt i vår samtale.  

Publisert: 6. juli 2024, 10:57