Ondag 17. februar kl 19.30 er Todalskoret/Åsskard kyrkjekor gjestar i Øye kyrkje,saman med sin dirigent Bernt Bøe. Dei vil mellom anna framføre den vakre Folketonemessa som er skreve og arrangert av Bernt G.Bøe over folketonar frå Todalen .
Tidlegare sokneprest i Surnadal, Torbjørn Brøske , vil halde ein tekstmeditasjon og vi syng salmar som er knytte til den tida i kyrkjeåret vi no har gått inn i. Ved orglet sit kantor Oddveig Helset Halle og Eldbjørg Berset syng solo på nokre av salmane. Kollekten denne kvelden går til Kirkens Nødhjelp – fasteaksjonen.
Alle er velkomne til denne kveldstunda i Øye kyrkje!