I år har vi ingen eigen utegåande reporter under Norway Cup. Derfor låner vi nokre bilder frå Idrettslaget Søya, som har oppsummert første dag i verdas største fotballturnering på si heimeside. Søya/Todalen har i år spelarar på 4 lag med i turneringa. Eit KUST G13 9’er, eit STUK J14 7’er, eit STUK J16 og eit S/S/T J19. Dei tre første klaga i samarbeid med Kvass/Ulvungen, og det siste i samarbeid med Surnadal.
Dagen resultater er som følger:
- G13:Kust – Langhus 2 4-1
- J14 : STUK – FK Silsand Senja 0-6
- J16 : STUK- Clark Drive Girls FC 6-0
- J19 : Trondheims-Ørn- S/S/T 5-0

6-0 mot det skotske laget Clark Drive Girls FC. Scoringar ved Emma Sæther (2), Marit Ingeborg Ansnes, Ragne Gjersvoll, Ane Nordvik og Marte Nes.
For fleire bilder og enda meir utfyllande resultat, gå inn på IL Søya si heimeside: Reisebrev frå dag 1
Ellers er det også fleire todalingar på laga til Surnadal IL, så vi legg med desse resultata også:
- J14: Hafslo-Surnadal 2-3
- G16: Overhalla-Surnadal 1 0-2
- J13 9er: Surnadal-Åsane 1-4
- G19: Skeid 1-Surnadal/Rindal 2-0
- G16: Ål-Surnadal 2 2-6
- G14: Lyn 3-Surnadal (31 EK11) 0-4