Fredag er det igjen duka for julebuffe på Todalshytta – det blir siste runde for denne gongen seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta og som har køyrt fleire rundar med julemat no i november og desember.
Fredag 20 desember er det altså siste runde og da bys det på alle typar julemat – ribbe, pinnekjøtt, lutefisk og mykje anna godt som kjøkkenet byr på. Restauranten opnar dørene kl 17, og held buffen gåande til kl 21.
Det er enno nokre ledige plassar, så det er berre å svinge seg rundt og bestille bord på telefon/SMS 929 97 550. Vertskapet held fyr på peisen, så det er duka til ein triveleg kveld i peisestua etterpå.