Det var mange som nytta høvet til å stikke innom Todalshytta for å sikre seg ein porsjon med «kjøtt & påsse». Todalshytta har prøva seg med litt husmannskost på menyen innimellom travle dagar med mykje gjestar. Tidlegare har det vore både sildball, potetball, tjukkerter og i dag altså kjøtt & påsse.
Det er viktig for oss å finne ut kva folk vil ha, og kva marknaden reponderer på, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Seinare i haust – nærare sagt neste helg, er det Thai-buffé som står på programmet, og sida blir det meir julepreg over menyen, med lutefisk, juletallerken og sågar julebuffé.
Todalshytta er medlem i Todalen.no