Turistnæringa som på det næraste var nede for teljing i vår, har skote fart i sommar. På Todalshytta er det ikkje noko unntak, og i helga var det kø nedover bakkane med folk som kom for å få servering. Mange måtte faktisk snu med uforretta sak, seier Stian og Arve Evensen – far og son, som i år driv Todalshytta. Ola Nordmqann ferierer i eige heimland, ingen tvil om det.
Skikkeleg trøkk på restauranten
Har opplevd stor pågang – faktisk så stor at vi ikkje har klart å oppretthalde «normalen» i ein periode. I helga hadde vi over 70 middagsgjestar og i tillegg måtte vi avvise 30-40. – Det var tungt å stå utfor og fortelje at det dessverre var det fullt hus, seier Arve Evensen.
Vi har begrensa kapasitet, med nedslite kjøkken – men vi har gjort vårt beste. Denne veka får vi ny gasskomfyr til kjøkkenet på Todalshytta og etterkvart må det nok skje fleire oppgraderingar til både på kjøkkenet, og elles – både ute og inne.
Meir som et prøveår
Sjølv om vi ser på denne sesongen nærast som eit prøveår, så gjer vi vårt beste – sjølv om vi i sommar har måtte avvise mange som hadde tenkt seg hit for å kjøpe middag.
No er vi imidlertid attende til «normalen» og med ny gasskomfyr blir det nok betre og vi kan love å betre både kvalitet og større kapasitet. – Vi aukar også kapasiteten på innleigd hjelp.
Eit av tiltaka vi har gjort på kort sikt er å halde restauranten stengt på måndagar. Det treng vi for å fylle på både med krefter og råvarer til kjøkkenet, seier Stian som har merka godt kjøret som har vore på kjøkkenet.
Må i tenkeboksen
Etter sesongen må vi nok gå i tenkeboksen for å planlegge neste sesong. Vi må finne gode rutinar for innkjøp, logistikk og arbeidet både på kjøkkenet og drifta elles.
Artig er det iallfall at vi har hatt godt besøk av laksefiskarar som har budd her på hytta. Nokre har faktisk budd her i fleire periodar. Her har vi sett at jungeltelegrafen har funger godt med tanke på marknadsføring både av maten vår og Todalshytta generelt.
Oppfinnar og gründer
Arve er forresten oppfinnar og gründer, og har verdspatent på Zpey fiskeutstyr. Han styrer den norske marknaden og hovuddistribusjonen til forhandlarane her frå Todalen og Todalshytta. Fleire forhandlarar har vore her i Todalen på utstyrstesting, og til og med fått laks på kroken. Og fleire vil det nok bli etter kvart, seier Arve, som er godt nøgd med utviklinga så langt.
Fyller på med jakt
Eigentleg hadde vi tenkt å ha Todalshytta opa ut august månad, ettersom laks- og aurefisket sluttar 15. august. No har vi bestemt oss for å utvide sesongen, for no kan vi nemleg tilby både storvilt- og småviltjakt i tillegg. Vi har nemleg gjort avtaler med lokale grunneigarar som gjer at vi no kan tilby jakt. Vi har forresten godt samarbeid med lokale grunneigarar både når det gjeld jakt og fiske, og vil nok etter kvart kunne utvide sesongen på Todalshytta. På same måte satsar vi på at vi så langt det er muleg bruker lokale leverandørar på råvarer til kjøkkenet.
Gjensidig samarbeid
Eit slik gjensidig samarbeid og utviding av sesongen er eigentleg naudsynt for at vi skal få til eit levebrød av drifta på Todalshytta. Vi føler også at vi har god støtte i lokalbefolkninga både her i Todalen og resten av kommunen som er dyktige til å bruke oss, seier Stian som er både dagleg leiar og sjef på kjøkkenet.