Todalshytta er for lengst i gang med ny sesong, som egentlig starta samtidig med laksestarten 15. juni, men som hadde ein liten tjuvstart alt i starten av juni med låtskrivarseminaret. men no er det ball som står på programmet – den første balldagen blir tysdag 27. juni (14.00 – 17.00) med Åse G. Øyen ved grytene, og potetball med tilbehør på menyen.
Jan Larsen og Eric Malling som er vertskap på Todalshytta er glade for å være i full gang med ny sesong på Todalshytta. I år er dei to kompanjonger og deler ansvaret med drifta av Todalshytta. Eric er glad for at han har fått med seg Jan i drifta av turisthytta og at Åse tok hansken som ballkokk og så i sommar. No går gjengen ein spennande sommar i møte på Todalshytta.
Balldagen har ein lang og populær tradisjon på Todalshytta – Åse laga mange og store ballgryter gjennom ei årrekkje, og det er sjølvsagt same oppskrifta som blir gjelder fremdeles. Ring gjerne og bestill på førehand – det er litt kjekt for oss å ha litt peiling på kor mange som kjem til middag, seier Jan Larsen, som er sjef på kjøkkenet. Telefonnummeret til Todalshytta er 71663836 eller mobil 41694312.
Elles fortel Jan og Eric at dei allereie har hatt mykje besøk på hytta. Nokre få fotturistar har faktisk vore innom også, men det er nok mest laksefiskarar som har tilhald her. Det var ein eventyrleg start på laksefisket i år, med mange storlaksar som kom på land første dagen. Sia har elva vore for stor og kald, men no ser det ut til at dette kjem litt meir på stell. Det er mange laksefiskarar som kjem att år etter år – det er jo hyggeleg å sjå at folk trives her, både på hytta og i Toåa
Jan og Eric nemner også RAUS 2017. Konserten var i år flytta til Ungdomshuset – vi har i media at det har vore kommentert at dette er ein unik konsert som kunne hatt eit større publikum. Eric er snar til å kommentere at dette er ein konsert som er «husleie» til bygdefolket frå gjengen som deltek på låtskrivarseminaret. For oss er det viktig at dei får «prøvekjøre» tekster og musikk som er laga den veka dei er her. I år fekk deltakarane oppleve bygda og gjestfriheita på aller beste måte, og da betyr ikkje publikumstalet så mykje. For oss er det viktigare at det alt no er gjort avtalar om innspeling at materiale som er laga her i Todalen. I den samanheng nemner Eric «nykommaren» Jo Sverre Sande som imponerte oss alle og som no er komen inn i fagmiljøet. Han får vi nok sjå og høyre meir til.
Men først blir det altså opningsball på tysdag!