Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta inviterer til fredagskveld med Quiz & Pizza

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. mars 2022

Komande fredagkveld, 18. mars, vil vi prøve noko heilt nytt, og inviterer både sambygdingar og andre til Quiz- & Pizzakveld.  Quiz-master blir Knut Bergli og vi vil sette sammen lag med maks 4 personar pr lag. Det blir 50 spørsmål med lett blanding, og vi vil sette opp ein fin gevinst å strekke seg litt etter, seier Arve Evensen ved Todalshytta. 

Vi vil servere 3 sortar pizza:  biff, pepperoni eller skinke, og sjølvsagt forfriskningar.  Kjell Arve blir «pizza-master», og ønsker store og små velkomne til ein hyggeleg kveld på frå klokka 18:00 og utover.  – det blir nok godt å treffes igjen etter to spesielle år med liten sosial kontakt på grunn av  pandemien, trur Arve og gjengen på Todalshytta. 

 

Først publisert: 16. mars 2022, 00:01 - Sist oppdatert: 15. mars 2022, 22:22