Dei første spisegjestane er alt på plass på Todalshytta! Dette har vi gledd oss til så lange, og no føles det veldig godt å være i gang, seier far og son Evensen som er vertskap på hytta. I dag er det som sagt premiere, og vi kan by på både middag og kaffe utover dagen. Middagsserveringa er vi alt i gang med, og vi vil halde den gåande fram til kl 20. – Kaffe og bakels vil vi servere til kl 22, seier Stian som sjef på kjøkkenet.
– Vi kan berre oppfordre til å stikke innom Todalshytta og sette kjøkkenet på prøve! Ein god ide kan det også være å stikke innom Svinviks arboret på turen – her ligg det an til skikkeleg rododendronblomstreing etter kvart…