Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta – glad for å være i gang

Jon Olav Ørsal Fredag 6. juni 2014

Det nye vertskapet på Todalshytta, Helene Ness og Eric Malling, er så smått komne i gang med drifta på Todalshytta. Dei har no vært her ei vekes tid, og har alt hatt besøk av dei første gruppene til servering, og dei første vandrarane har også vore innom hytta. Eric fortel at det har vore interessante og lærerike dagar, med ein høg læringskurve.  Laurdag ettermiddag skjer årets første «happeningen» på hytta, da skal dei hjelp av gode venner skal etablere microbyggeri på Todalshytta.

Da blir det høve til å være med og lære litt om prosessen med ølbygging, og det vil nok by seg ein sjanse til ein smak på prøveproduksjonen som alt er laga ferdig. Ølet som blir brygga på Todalshytta er tilsmaka for servering saman med «Kraftkar» frå Tingvollost, og vil nok bli ei spanande nyheit på Todalshytta. I tillegg vil det sjølvasagt bli høve til enkle rettar no i pinsehelga, og middagsmeny vil kunne tilbys frå neste veke. Denne helga vil dei kunne tilby middag etter kl 18, og da helst på bestilling.

Full fart på middagsserveringa vil det bli frå føstkomande tysdag. Da blir det tradisjonell balldag, og gjensyn med Åse Øyen på kjøkkenet. Da blir Eric «lærling» og Åse blir læremeister på kjøkkenet. Etter kvart satsar nok Eric på at han skal vidareføre kompetansen på ballkoking sjølv, og håpar at både todalingane og andre vil kome på balldagane på Todalshytta.

Helene og Eric håpar at både todalingar og andre vil trivast i lag med dei på Todalshytta, og ønskjer velkomen innom for å sjå kva dei har å tilby. Slå gjerne på tråden dersom dere er fleire, så kan vi være litt betre førebudd på trakteringa, seier Eric til slutt.

 

 

 

Først publisert: 6. juni 2014, 19:03 - Sist oppdatert: 7. juni 2014, 10:57