Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Todalsglimt frå oven» – vi er klar med ein smaksprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. august 2018

Steinar Melby har vist til fulle at han er dyktig både med filming og droneflyging.  I sommar har han vore i Todalen fleire gongen for å gjøre videoopptak frå lufta. Melby har fått med seg litt av kvart og har laga ein flott demo med innslag fra dei fleste ting som er sjåverdig i Todalen. Videoen startar naturleg nok ved Nauståfossen og Kårvatn, og arbeider seg nedover bygda heilt til rododendronblomstringa i Svinvika.

Flyfoto frå Gammelfabrikken – foto_ Steinar Melby/NettStudio

Det passar forresten godt å presentere denne prøveversjonen no som vi ventar besøk frå KBK og Team Thorsen som kjem over fjellet frå Storlidalen på onsdag. Her får dei faktisk sjå mykje av det som møter dei når dei kjem til Todalen. Klikk her så får sjå «Todalen frå oven».  Still oppløysinga på 1080 for best muleg resultat.

Opptaka er sett saman som ein teaser med smakebitar frå opptaka som er gjort. Filmopptaka er eit samarbeid mellom Kristiansund og Nordmøre havn, Talgø MøreTre AS, Todalen.no og NettStudio som er Melbys mediabedrift.  Vi vil etter kvart lage litt lengre enkeltfilmar med litt meir innhald og dett vil bli presentert seinare.

 

 

Først publisert: 28. august 2018, 18:46 - Sist oppdatert: 29. august 2018, 14:35