Allereie i 1938, altså for 85 år sidan, kom dei første planene om å bygge ein ferjefri veg mellom Todalen og Drøppingstranda, som den gongen låg i Stangvik kommune. Etter dette har det vore mange forslag til ferjefritt samband, siste i så måte er planene om flytebru frå Kvanne til Rykkjem. Tysdag sist veke var kommunestyremedlem Ragnar Halle og talsperson for Todalsøra Terje Nordvik kalla inn til møte med Vegvesenet i Møre og Romsdal, der dei møtte vegsjefen og utbyggingssjefen i Vegvesenet.
På møtet fekk dei to sjå konkrete planer for å bruke mesteparten av dei opprinnelege planene for veg rundt fjorden for å få eit ferjefritt samband mellom Surnadal og Sunndal, den såkalla Rambjørsvegen. På grunn av dei høge kostnadane for fjordkryssing, har vegvesenet sett seg nødt til å ta fram att dei gamle planene frå slutten av 1930-talet og sjå på om dei, med tilpasningar til dagens situasjon, kan brukast for å få til ferjefri fjordkryssing.
Traseen som det er sett på går da frå Haugen vegkryss til Åsbøen etter eksisterande trase. Frå Åsbøen og forbi Øygarden blir det ny trase ovanfor Nordvik. Frå Øygarden til Ansneset følger vegen dagens trase med nokre utbetringar. Så blir det tunnel Ansneset til Rakaneset og opprinneleg trase frå Rakaneset til Drøppingskiftet.
Dette alternativet vil etter Vegvesenet sine kalkyler bli 1 – 1,5 milliardar billigare enn dei andre alternativa som blir vurdert.
Bakdelene med dette alternativet er at det blir ein lang veg rundt ein fjord, og ikkje minst konsekvensane for dei som bur ved trassen på Todalsøra.
– Vi fekk informasjon om at Vegvesenet ser på nye områder med tanke på tomter til dei som blir berørt, seier Terje Nordvik. Vegvesenet understrekar at dei er innstilt på å finne ei god løysing for dei tretten bustadane som blir berørt av den planlagde traseen. I tillegg er det tre utleigeleiligheiter som må flyttast til ein annan stad. Vegvesenet arbeider med konkrete planer for å finne egna tomteareal til desse.
– Vegvesenet rekna med å ha dette på plass innan utgangen av juni 2024, kan Ragnar Halle fortelje. – Paralelt arbeider dei vidare med å prosjektere trassen, legg han til.
Vegvesenet håper å kunne lyse ut dei første anboda for anleggsdrift i siste halvdel av 2024, og at anleggsstart da kan bli i andre kvartal 2025.
Etterord
Det har nok vore mange rundar med Todalsfjordprosjektet oppgjennom åra, både skjemt og alvor. I 1992 var det saka ovafor med «Gjemnnombrot for Todasfjordprosjektet» som var aprilspøken i Driva – No er det kanskje på tide at prosjektet blir realisert, dersom det skal realiserast?