Etter at Kristin Sørheim tok det første formelle spatake, og dermed starta opp arbeidet med Nordøyvegen, så er Todalsfjordprosjektet nr 1 av større vegprosjekt i Møre og Romsdal. No er vi neste, det bekrefta fylkestinget denne veka og det er det ikkje nokon tvil om, seier ordførarane i Sunndal og Surnadal – Ståle Refsti og Lilly Gunn Nyheim. I dag skala dem i (alkoholfri) champagne under pressekonferansen på Kvanne.
Dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet orienterte om stoda for Todalsfjordprosjektet, og understreka kor viktig det er å markere og feire når ein når milepelar, slik som dette høvet. – Han understreka at vi enno ikkje er i mål, men konkluderte med at det gir ein god følelse berre å sjå målstreken. Da lyt vi berre passe på at vi har kondisjon til å stå på til vi er i mål.
No er heile gjengen utålmodig på å kome vidare, og alt i november blir det møte med veggeigaren for å kome i gang med det detaljerte kommuneplanarbeidet.
Det vart understreka kor viktig dette tverrfjordlege er for å samle Nordmøre til eit rike og vi ser alt no at dette ber frukter, sa Ståle Refsti, som understreka kor viktig det er for framtida med ein sterk region på Indre Nordmøre. Dette prosjektet blir som eit nav for Nordmøre og legg til rette for eit enda tettare samarbeid.