På dagens møte i Surnadal Kommunestyre vart Kommunedelplana for Todalsfjordprosjektet vedteken med 22 mot 5 røyster. MDG fremma forslag om å seie nei til Kommunedelplane, men fekk altså berre 5 røyster for dette forslaget. På same møtet vedtok Kommunestyret å gå inn med 1 million for å utvide aksjekapitalen i Todalsfjordprosjektet. I går vedtok Sunndal Kommunestyre, mot 1 røyst, Kommunedelplana, og å gå inn med 1 million i utvida aksjekapital i Todalsfjordprosjektet.
Surnadal Kommunestyre hadde ein lang og grundig debatt om saka før vedtaket vart gjort. Mange av Kommunestyret sine representantar gjekk på talarstolen og tilkjennegav sitt syn i saka. I det endelege vedtaket vart det vedteke nokre endringar i høve til den tilrådinga som kommunedirektøren hadde lagt fram i saka før møtet, men hovudtrekka ligg fast.
Med vedtaka i Sunndal og i Surnadal i går og i dag er vi eitt skritt nærare ei realisering av eit meir enn 80 år gamalt fjordkryssingsprosjekt. Det har opp gjennom åra vore mange forslag til løysing, først med veg rundt fjorden, tunellar, veg over fjellet og no til slutt altså bru og tunell. Kanskje kan prosjektet vere ferdig til 90-årsjubileet i 2029?
Det var Erling Talgø som i 1939 lanserte ideen om Rambjørsvegen, forløparen til dagens Todalsfjordprosjekt, ein ferjefri veg rundt Todalsfjorden. Sidan har mange vore «ildsjeler» for ei fergefri vegløysing. Vi kan nemne: Olav T. Halle, Jarle Halset, Helge Røv, Knut Reinset, Bergsvein Brøske og Lars O. Løseth. Så vi kan trygt seie det har vore eit langt og kronglete «svangerskap», sidan Erling første gongen lanserte ideen. Men no ser det altså ut til at prosjektet endeleg skal kunne realisert i løpet av dei 10 neste åra. Prosjektet har i alle fall første plassen på Møre og Romsdal fylkeskommune si samferdselsplan for ferjefrie fjordkryssingar.