Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsduell i OBOS-ligaen i dag

Elinor Bolme Sundag 16. oktober 2016

I dag møttes Strømmen og Sandefjord til kamp i OBOS-ligaen. Ein historisk kamp sett med eit skråblikk frå Todalen, der Strømmens Ulrich Østigård Ness møtte far Leif Arne Ness på benken som materialforvalter for Sandefjord. Ikkje kvar dag to todalingar møtes på hvert sitt lag i toppfotballen, men det blir nok kanskje ikkje den siste gongen heller. Sandefjord tok seieren på bortebane, der det var mållaust til det sto att 7 ordinære speleminutt. Kampen endte 0-3 med siste scoring på overtid.

Ulrich har no spela på Strømmen i 4 sesongar, men han har som mange veit, også spela på både Todalen og Søya sine aldersbestemte lag når han har feriert i Todalen frå han var liten. Etter kampen mot Sandefjord ligg Strømmen no på ein 8. plass når det gjenstår 2 kampar av årets serie.

Ulrich østigård ness

Les meir om Strømmen og Ulrich på Strømmen IF si heimeside.

Leif Arne starta jobben hos Sandefjord IL i sommar, der det er Lars Bohinen som har trenaransvaret. DEi ligg no på 2. plass på tabellen og luktar på eliteseriespel neste sesong. Sjå heile støtteapparatet hos Sandefjord Fotball her: www.sandefjordfotball.no

strømmen-sandefjord-png

Takk til Knut Haugen for dagens tips!

Hovedbildet er fra Sandefjord- Strømmen 3. april der Sandefjord vann 4-1. Foto fra Sandefjord sin Facebookside.

Publisert: 16. oktober 2016, 22:27