Det er sjølvsagt knytt stor spenning til vêret når ein skal arrangere Todalsdagen – det betyr så enormt mykje for publikumtilstrøyminga og dermed for omsetning og overskot. Årets Todalsdag hamna midt i mellom 2 lågtrykk, og fikk dermet bra tilhøve for å arrangere årets TodalsCup og Ræta Opp.
Todalsdagen er først og fremst ein dag i barnas tegn, der både foreldre og andre skal slippe å gå med open pengpung – men det er lagt stor vekt på at det skal være triveleg for både liten og stor, og borna skal ha med bare gode minne når dei dreg frå Toalen og ut gjennom tunellen.
Mellom 30 og 40 lag har i dag entra Bordholmen stadion for å konkurrere om å skyte flest mål, men egentleg så har det ikkje så sor betydning kor mange mål det blir, berre det er artig. Og artig ser vi at det er for dei aller minste dei held koken heile dagen og spelar fotball til og med i pausen. Det tek vi som eit godt tegn. Og så er det stas å reise heim med diplom og deltakarpremie som skal plasserast i premiehylla.
Arrangøren sitt og att med god minne – det er faktisk stas å få positive tilbakemeldingar på at arrangementet er vellukka. Det er og stas når laga kjem att år etter år for å delta på denne festdagen – da er det faktisk artig både å være arrangør og deltakar – takk for denne gongen og god ferie til både store og små!
Bildegalleri frå dagens aktivitetar på Bordholmen – alle foto Jon Olav Ørsal