Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdagen – trør igang lotteriet i pinsa

Todalsdagen – trør igang lotteriet i pinsa

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2011

Todalsdagen nemar seg med stormskritt – 2. juli er det full rulle på Bordholmen, og i år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er sjef for arrangementet. Bjørn fortel at dei allereie er godt i gang med planleggjinga av arrangementet, og det første tegnet på at det er ting på gang er starten på lotteriet. I år er det kjempefine gevinstar, med eit MøreRoyal hagebord med 6 stolar i kunstrotting til ein verdi på 12.990. I tilleg er det utlodda ein fin og ny trøbil av same typen som dei som finns på Bordholmen. Denne er nok «innertier» for alle smårollingar, og har ein verdi på ca 4500. Her finn du lotteriplakaten som PDF

Bjørn fortel vidare at det er påmeldt over 30 lag til fotballcupen for knøttar, miniputtar og lillegutt/lillejente. Det er i år påmeldt lag både frå Romsdal, Nordmøre og frå Trøndelag, og det er nok mange smårollingar som ventar på å kome igang med cupen. Han fortel at han fikk dei første påmeldingane før dei hadde invitasjonane klare, og no er det snart klart for å pusse pokalane og klargjøre baneanlegget.

Vi kjem att med meir informasjon om Todalsdagen etter kvart, så det er berre å følge med på Todalen.no for å halde deg orientert!

Først publisert: 8. juni 2011, 23:00 - Sist oppdatert: 1. juli 2011, 13:34