I dag er det klart for presentasjon av årets programhefte for Todalsdagen 2013. Det er Knut Bergli som ghar vore redaktør for årets programhefte, og det er på heile 20 sider med redaksjonelt stoff om Todalsdagen og sjølv sagt annonsar frå mange og trufaste annonsørar. Det er Lillian Halle som har vore grafisk designer, og det vart ei stasesleg programhefte som no blir distribusert i postkassane lokal og som distribueres «world wide» via Todalen.no og facebook.
Som sagt inneheld programheftet oversikt ove kampprogrammet og detaljert program for det som skal skje på Bordholmen. Du kan laste ned programmbladet som PDF-fil eller du kan kikke på «bla-utgåva», der du kan bla deg gjennom den digtale versjonen – side for side.