Laurdag 2. juli arrangeres årets Todalsdag. Ein av aktivitetane under Todalsdagen er den tradisjonelle loppemarknaden. Derfor er det på tide å begynne å kike seg rundt etter lopper som du kan gi bort. Inntekta frå loppemarknaden går som vanleg til Todalen Idrettslag, og blir delt mellom trimgruppa og fotballgruppa, fortel Borghild Talgø som er «sjefsloppe» for loppemarknaden.
Det gjelder å leite fram ting frå skåpar og skuffer, og loft og kjellar. – Vi tek i mot alle slags «ting og tang» som kan selgast, men det må være heilt og funksjonelt. Før Todalsdagen er vi på plass ved reiskapshuset for å ta i mot lopper torsdag 29. og fredag 30. juni i tidsrommet 19.00 – 20.30 begge kveldane. Dersom det passar betre til anna tidspunkt kan du ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614 for å avtale anna tidspunkt eller avtale henting.