Todalen I.L. er i full gang med planlegging av Todalsdagen. I år som i fjor er det Bjørn Hauglann som er stemnets general, og han seier at Todalsdagen 2010 skal bli ei stor fotballfest for dei yngste.
Todalsdagen er ei vidareføring av Todalshelga som har tradisjonar heilt attende til 1968, da Todalen idrettslag feira 60-årjubileum med storstila fotballturnering. Arrangementet har sia dreid over til å vera ei fotballfest for dei yngste som har samla over førti lag frå heile regionen.
Hauglann seier at sidan han annonserte ny Todalsdag i oktober 2009 har fått mange henvendingar frå lag i regionen som vil være med på årets arrangement.
Hauglann gler seg til årets arrangemnet, og sier at det vil kome meir info om arrangementet etter kvart.