No er det tid for å rydde i skuffer og skap for å finne lopper til Todalsdagen. Loppemarknad er nemleg ein av aktivitetane under Todalsdagen som arrangerast laurdag 1. juli. Det er TILs trimgruppe og fotballgruppa som deler inntekta av loppemarknaden i år som i tidlegare år, fortel Borghild Talgø som er «loppesjef».
Det gjelder å leite fram ting frå skap og skuffer, og loft og kjellar. – Vi tek i mot alle slags «ting og tang» som kan seljast, men tingane må være heile og funksjonelle.
Før Todalsdagen er vi på plass ved reiskapshuset for å ta i mot lopper torsdag 29. og fredag 30. juni i tidsrommet 19.00 – 20.30 begge kveldane. Dersom det passar betre til anna tidspunkt kan du ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614 for å avtale anna tidspunkt eller avtale henting.