Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen  – festdag på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. juni 2024

Det er nok mange store og små som tenkjer tilbake på barndommen, og hugsar dei mange duellane som har vore på Bordholmen under  Todalshelger og Todalsdager som har vore arrangert i snart to mannsaldrar.

Fotball i det nye nærmiljøanlegget på Bordholmen Foto Jon Olav Ørsal

Dagens arrangement står ikkje attende for nokre av disse når det gjeld innsats på fotballbanen og kamp om å skyte flest muleg mål.  I jubileumsåret, da Todalen IL feira 100årsjubileum i 2008, var det over 60 lag som deltok i cupen. I dag var det 22 lag på banen – vi har vorte færre på bygdene og det har vorte vanskelegare å stille lag. Dei fleste laga i dag var frå Surnadal og nokre få frå Halsa.

Liv og røre på Bordholmen i dag – 22 fotballag var i aksjon. Foto Jon Olav Ørsal

Men innsatsen frå den enkelt – den er like stor og dugnadsinnsatsen for å lage arrangement er det ikkje noko å seie på.  Elinor Bolme som er leiar i Todalen I.L. har samla over 50 frivillige på Bordholmen i dag. 

Fair play – takk for kampen. Foto Jon Olav Ørsal

Vi står på, og difor kan vi kalle det ein festdag – vi liker å kome saman og ha det triveleg i lag. Det var lett å sjå at folk kosa seg i lag på Bordholmen i dag.  Mange hadde med både besteforeldre og tanter og onklar – dei stiller opp som sponsorar og moralsk støtte. 

Kamp om ballen – skyt flest muleg mål. Foto Jon Olav Ørsal

Det vart laga mange mål i dag – kor mange er det ingen som veit.  Men det er heller ikkje så nøye, men glede med å lage mål – den er viktig. 

Trekning i TILs  store sommerliotteriet 2024 – nedafor viser vi avskrift av trekningsprotokollen:

Gevinst nr 1: Frukttre  vinnarlodd nr 142  Hjellbakkan
Gevisnt nr 2: Termosflaske m/kopp vinnarlodd nr 204 Marit Holsæter Bolme
Gevinst nr 3: Gavekort Svinvik Gard, vinnarlodd Trygve Halle
Gevisnt nr 4: Dynafitgenser, vinnarlodd 468 , Johanne Halset
Gevinst nr 5: Alt-i-ett gavekort, vinnarlodd 883, Dordi Finnborud
Gevinst nr 6: Dittgavekort.no, vinnarlodd 1027, Ronja Rodal Stenshaug
Gavekor nr 7: Matkasse Kvalitetsmat, vinnarlodd nr 1099, Helene Torsen

TILs sommerlotteri tek kontakt med vinnarane. 

Nedafor har vi laget et bildegalleri fra Todalsdagen 2024 – her treffer du kanskje kjentfolk?  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2024, 16:02