I dag var det service på trøbilane på Bordholmen – trøbilane er nemleg populær tidtrøyte for unge fotballentusiaster i ventetida mellom kampane. Fleire av trøbilane var prega av slitasje, så det var behov for både dekk, kjeder og nye lager for å få den «på vegen» igjen.
Det var Ola Bolme som sørga for at trøbilane fikk litt godt tiltrengt vedlikehald. Ola er til dagleg storbilmekaniker på Surnadal Lastebilverksted (SLV) så kompetansen var nok på plass for å få til dette. Han hadde med seg kjærasten Hilde Næss som handtlangar og fekk etter kvart dei fleste kjørtya i drift igjen. Så no er det håp for å få seg ein kjøretur under Todalsdagen som går av stabelen laurdag 2. juli.
Vedlikehald dreiv også Ragnar Halle og Markus Bolme med – men dei dreiv med sladding av løpebanen. Med ATV og sladd vart det runde etter runde for å prøve å få laus løvetann og gras frå løpebanen. Litt betre vart det for kvar runde, men det var vanskeleg å få heilt bra, konkluderte dei to.