Om eit par timar går startskotet for Todalsdagen 2025 – Fotballcupen har første avspark kl 10.45, og vidare blir det da full rulle med fotball på 4 banar, og heile 22 lag vil delta i kampen om ballen. Vi gler oss til å sjå alle smårollingane som skal vise oss kva som er ekte fotballglede på Bordholmen stadion. Her får vi gjennom dagen sjå både 3-er og 5-erfotball gjennom fleire timar.
I 12-tida blir det ein liten pause i fotballen for å smette inn Ræta Opp i programmet. Vi reknar med at det blir kamp om sekunda i år som i fjor. I fjor var det Aron Rodal Haugen som var den kjappaste løparen, og han satte ny rekord med tida 10.41 – blir spennande å sjå om den held i år? I dameklassen er det Lisabeth Sæterbø som er favoritt – ho sette også rekord i fjor med 13.13 som var ei forbetring på 28 sekund. Vi reknar også med god deltaking på Mini-Ræta for dei yngste – ein runde rundt løparbanen på Bordholmen.

Rundt hundre smårollingar stillte til start på Mini-Ræta – artig å sjå slik ei idrettsglede. Vi håpar det blir minst like mange i år! Foto Jon Olav Ørsal
Når det gjeld Ræta opp så går startkontingenten uavkorta til ein veldedig organisasjon kvart år. I år er det Veiledningssenteret for pårørende i Midt-Norge. ved å delta på Ræta Opp støttar du deira arbeid med å gje støtte, samtalar og håp til dem som treng det best.
Alle kan delta på Ræta opp:
– Det passar for mosjonistar i alle aldrar og former
– Det passar for deg somn likar å være aktiv i godt selskap
– Det passar for det som vil gjera ein forskjell – med beina og hjarta
Vi i Todalen I.L. lovar god stemning og ein fin runde på rundt 3 km – og ikkje minst følelsen av å ha vore med og bidrege til noko større!