Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2024 nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!

Det blir både TodalsCup i fotball, Ræta opp, Mini Ræta, lotteri, sal av grillmat og open kiosk. Her blir det altså noko for ein kvar smak, og om ein ikkje er interessert i fotball eller å springe, ja, så kan ein ta turen berre for å kjøpe seg middag eller ein is og kaffe!

Dersom det er fotballag som ikkje har fått invitasjon, men som ønsker å vere med, så finn dei invitasjon og påmeldingsinformasjon på Invitasjon TodalsCupen 2024

Inntekta frå Ræta opp og Mini Ræta går i år til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som skal vere ferdig til hausten. Banen er allereie klar, men det står att å få montert lys og vatn. Meir informasjon om Ræta opp og Mini Ræta kjem litt seinare!

Følg Todalsdagen 2024 på Facebook

Todalen Idrettslag ønsker velkommen til Todalsdagen 2024!


 

Først publisert: 30. mai 2024, 14:30 - Sist oppdatert: 3. juni 2024, 21:56