Det er Todalen Idrettslags fotballgruppe som står som arrangør av Todalsdagen, – og i år som i fjor er det Knut Bergli som er «stemnegeneral» og frontfigur for arrangementet. Og Knut har mange ballar i lufta denne dagen, men først og fremst er det fotballcup for knøtter, miniputter og lilleputter som står på programmet – og fotball blir det gjennom heile laurdagen….
Knut reknar med at rundt 40 lag blir med på fotballcupen. Innbyding til fotballcupen er forlengst sendt ut til lag både nært og fjernt, og det er aallerei mange lag som har respondert og har meldt seg på. Han har mellom anna fått påmelding frå Oppdal, Molde, Tingvoll, Kattem i tillegg til mange av dei lokale laga på Nordmøre. og sjølvsagt stiller Todalen med eige knøttelag – dei ligg alt i hardtrening og blir nok nokre tøffe goalgettere som gjestelaga får bryne seg på.
Men Todalsdagen 2016 har også mykje anna å by på – ein anna hovudattraksjon er Ræta Opp, som er eit mosjonsløp med start og målgang på Bordholmen. Her går deltakaravgita uavkorta til «Sjukt Sprek Trondheim», www.ungkreft.no/sjuktsprek og ”Min dag i dag”, www.sanitetskvinnene.no. Alle kan delta på Ræta Opp, og du bestemmer sjølv om du vil konkurrere om løyperekorden eller om du berre vil konkurrere med deg sjølv og idealtida. For Ræta Opp er det flotte premiar for idealtida.
Elles vil Surnadal kommune ha stand på Bordholmen, der dei vil selje den nye bygdeboka – bind 1 som omhandlar Todalen og Nordvik. Den er no i trykken og blir klar for «todalspremiere» under Todalsdagen, fortel Knut. Den tradisjonelle loppemarknaden har også ope på Todalsdagen, og her er det berre å rydde loft og kjellarar for å finne fram lopper som kan bys fram under Todlsdagen – kanskje eit større utval enn nokon gong? I tillegg blir det trekning i SuperLotteriet, grilling og mykje anna.
På Gammelfabrikken vil Talgø arrangere open dag, der det blir høve til å sjå både det flotte parkanlegget utandørs og møbelutstillingane innomhus. Den 117. år gamle møbelfabrikken har mykje å vise fram både for møbelinteresserte og for hageinteresserte med sitt flotte parkanlegg.
Om kvelden blir Todalsdagen runda av med konsert på Todalshytta. det er eit samarbeidsprosjekt der Todalen idrettslag og Todalen Bondelag samarbeider om arrangementet og får to artistar på friluftsscena denne kvelden, nemleg Johanna Demker og Jo Erling Sande.