Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen 2014 – lagfoto av alle deltakarlag

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juni 2014

Vi på Todalen.no held på tradisjonen med å ta bilde av alle deltakarlaga under Todalscupen. Vi tykkjer alle dei flinke deltakarane fortener det – som står på frå tidleg morgon til langt på ettermiddag. Dei spelar fleire kampar gjennom dagen, og har i tillegg overskot til å delta på RætaOPP junior og drive med landhockey og trøbilkjøring i pausane. Det må være godt å koma heim og kanskje leggje seg tidleg etter ein slik dag?

Vi i redaksjonen vil iallfal gje ros til dere alle for denne ståpå-viljen og håper at alle reiste frå Bordholmen stadion med berre gode minne frå Todalsdagen 2014. Vi føler at dere alle sammen vart vinnarar av ein vellukka Todalscup.

Alle bilda ligg i galleriet nedafor i ei tilfeldig sortering, og det er berre å sette igang og finne «ditt» bilete. Bilda som er lagt ut har låg oppløysing, men dersom det er nokon som vil ha høgare oppløysing så kan lagledar sende ein e-post til redaksjon for å få originalfila, og det er gratis.

Lagbileta frå Todalscupen 2014.     Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. juni 2014, 20:00