Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalsdagen 2013

Todalsdagen 2013

29. juni er det klart for Todalsdagen 2013, med lotteri, fotball, kiosk, grilling, «ræta opp» og loppemarknad på Bordholmen. Du kan få kampoppsett som PDF-fil her, og laste ned programmet her. Du finn også alle nyheter relatert til Todalsdagen nedanfor.

Program

Kl 08:00 Grillen tennes

Kl 09:00 Kiosken åpner

Kl 09:30 Start på lillegutturnering

Kl 10:00 Start på smågutt/jente- og knøttekamper

Kl 10:00 Loppemarkedet åpner

Kl 12:00 Start «Ræta opp»

Kl 14:30 Trekning superlotteriet

Kl 15:45 Finale fotballturnering

Kl 16:20 Seremoni

Velkommen til Todalen!

Først publisert: 25. juni 2013, 23:52 - Sist oppdatert: 26. juni 2013, 00:12

Nyheter knytta til Todalsdagen 2013

Superlotteriet i gang – kjøp og vinn!

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2016

Det årlege lotteriet i samband med Todalsdagen er i gang – og loddsalet går føre seg på Matkroken i opningstida denne helga og vidare utover veka til Todalsdagen, og da er trekninga ein del av programmet under Todalsdagen laurdag 2. juli.  Hovudgevinsten er ei hagemøbelgruppe frå Talgø men det er fleire flotte premiar, seier Knut Bergli […]


Todalsdagen 2016 – 2. juli trør vi igang….

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2016

Det er Todalen Idrettslags fotballgruppe som står som arrangør av Todalsdagen, – og i år som i fjor er det Knut Bergli som er «stemnegeneral» og frontfigur for arrangementet. Og Knut har mange ballar i lufta denne dagen, men først og fremst er det fotballcup for knøtter, miniputter og lilleputter som står på programmet – og fotball blir det gjennom heile laurdagen….


Topp kveldskonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta.  Her […]


RætaOpp 2015 – med tanke for andre…

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv.  Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59.  Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – […]


KNALL TODALSDAG!!

Elinor Bolme Laurdag 27. juni 2015

Nok ein gong kan Todalen IL sjå tilbake på ein vel gjennomføret todalsdag med ypperlege verforhold til dei mange hundre frammøtte på Bordholmen Stadion. Her var det full fart for knøttespelarar, miniar og lilleguttar på fem banar til ei kvar tid.


– Klare for konsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. juni 2015

Da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag, pågikk øving og finpuss til kveldens konsert. Asle Beck, Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie satt i kråa ved inngangen og finpussa på kveldens repertoar, og trioen gledde seg til å starte konserten på bakken framfor Todalshytta i det fine sumarvêret. Konserten på Todalshytta er eit samarbeid med Todalsdagen […]


Dugsnadsinnspurt på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

Dugnadsgjengen på Bordholmen er komne i innspurtsfasen, og etter kvart blir nok alt klart til Todalsdagen før dei tek kveld. Det er montert telt og plassert ut bord og storgrillen er komen på plass og klargjort for storproduksjon av kotelettar, hamburarar, vårrullar og laksekotelettar. Klargjering av maten var ein anna dugnadsgjeng i arbeid med i Ungdomshuset.


Fotball på 5 banar på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 26. juni 2015

Fredag ettermiddag var banekomiteen i full gang med merking av fotballbanen på Bordholmen. Laurdag er det cupfotball frå morgon til kveld, og det kjem til å bli aktivitet på 5 banar gjennom heile dagen.


Programmet for Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juni 2015

Programmet for Todalsdagen er klart – både digitalt og på papir, fortel Knut Bergli i Todalen I.L. Har har jobba for å få på plass kampprogrammet for fotballcupen, men det har vore nokre utfordringar for å få alt på plass. I første utgåva manglar nokre av kampane, men vi kjem til å oppdatere etter kvart […]


Har du lopper til loppemarknaden?

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2015

Fotballgruppa og Trim/allidrettsgruppa har lang tradisjon med loppemarknad under Todalsdagen, og no er det tid for å rydde litt i garasjen, på loftet eller på andre plassar – kanskje du har saker og ting som du kan gi bort til oss som lopper, lurar Borghild Talgø i Todalen idrettsalg. Alt er av interesse, men må […]


Effektiv dugnadsgjeng

Elinor Bolme Tysdag 23. juni 2015

Ved første augekast var det ikkje imponerande oppmøte på idrettslagets dugnad for å klargjere Bordholmen til Todalsdagen i kveld. Men etter kvart dukka det opp karar kring hus og tribuner med både river, kantryddarar, skruvjarn, vaskarbøtter og slegger. Alt av gras var slått, både på og utanfor banen, og det meste frakta bort.


Laurdag kveld er Todalshytta treffpunktet!

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juni 2015

Laurdag kveld er det klart for gjenyn med musikaren Asle Beck. Da kjem Asle til Todalshytta for å halde konsert saman med musikaren Yngve Kristiansen. Konserten er eit samarbeid med Todalsdagen og Todalshytta , og det også høve til å smake på grillmaten og andre godsaker før konserten – dørene opnar kl 19.