Da er det klart at Todalsdagen 2011 blir arrangert laurdag 2. juli. Da blir det storinnrykk og fotballfest på Bordholmen, fortel Bjørn Hauglann, som er leder for fotballgruppa i Todalen Idrettslag som er arrangør av Todalsdagen. Denne dagen er det full fokus på barna og barnefotballen, der knøtter, miniputter og smågutar/jenter får vise kva dei er gode for. Et førtitals lag, der dei fleste kjem få Nordmøre, vil kjempe om ballen og ein heil dag med fotballglede. Dette er dagen for å ta med både foreldere, søsken, samt bestefereldre, tanter og onklar til Bordholmen.
Kjøkkengjengen vil finne fram den mobile storgrillen og storteltet, og sørge for at det blir påfyll av energi mellom slaga på fotballbanen. Det vil også bli loppemarknad og mykje anne denne dagen.
Sett av laurdag 2. juli til Todalsdagen 2011. Vi kjem att med meir informasjon på Todalen.no, som etter kvart vil få ei eiga informasjonsside om det som skal skje på Todalsdagen 2011.