To todalingar har i helga teke turen til Senja for å delta i Sans Senja Skyrace. Det er Kristoffer Nordvik som deltek i seniorklassen og Erik Kårvatn som enda deltek i juniorklassen. I skrivande stund er dei igang med løpet, som skal forsere 7 fjell, med 25 friske kilometer og 2800 spektakulære høgdemeter.
Løpet er av same type som Kårvatn Sky Run og går etter stigar og naturlege spor, og mellom dei 7 fjella som skal foprserast er dei kjente skifjella Grytetippen og Keipen dei høgaste. Løpet er både for dei som har lyst å gå/småløpe i fjella, og dei som vil å teste formen mot andre aktive fjelløparar.
De 7 sjekkpunkta undervegs:
Sjekkpunkt 1 – Segla – etter 2 km – 524 moh
Sjekkpunkt 2 – Barden – etter 6 km – 600 moh
Sjekkpunkt 3 – Daven – etter 8 km – 242 moh
Sjekkpunkt 4 – Grytetippen – etter 11 km – 885 moh
Sjekkpunkt 5 – Keipen – etter 13 km – 938 moh
Sjekkpunkt 6 – Skarelvfjellet – etter 16 km – 432 moh
Sjekkpunkt 7 – Riven – etter 25 km – 313 moh
Her kan du følge løpets gang og sjekke resultatlista etter løpet – klikk på denne lenka så får du sjå
Vi henta ut resultat etter målgangen – nedafor kan du sjå mellomtider for Erik og kristoffer – og resultat etter målgang: