Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingar på «glattisen» i Trondheim

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mars 2025

Sjølv om det foregår eit verdsmeisterskap på ski i Trondheim, så foregår det også anna sport i Trønderhovudstaden, som til dømes i Leangen ishall, der Ozo Melhus laurdag hadde invitert Surnadal Blades til kveldskamp i ishockey i ishallen. Knut Bergli har sendt oss ein liten rapport frå kampen i Leangen ishall laurdag kveld. 

Preparering av isen i Leangen ishall. Foto: Knut Bergli

Kampen gjekk over tre perioder av 25 minutt, og det var topp oldboys-ishockey som stod på sendeplana.

Kampen er i gang. Foto: Knut Bergli

Kampen vart spela etter oldbys-regler, der det ikkje er lov med taklinger og slagskott. To særs gode 14-åringar dømte kampen og passa på at alle ufine triks vart lønna med utvisningar.

Surnadal Blades med pøkken. Foto: Knut Bergli

Surnadal sitt lag var laurdag kveld forsterka med eit par rindalingar som bidro sterkt i målstatistikken, og Jakob på 13 år er nok den yngste som har spela på eit oldboyslag. Så det var eit slags midt-norsk «All-Stars» som representerte Surnadal Blades denne laurdagen, fortel Knut Bergli. 

Surnadal Blades klare til kamp. Foto: Knut Bergli

Kosleis endte så kampen? Laga følgde kvarandre fra første dropp. Ozo tok leiinga etter berre eit halvt minutt. Surnadalingane, var kanskje litt preget av «jet-lag», brukte nokre minutt på å få i gang maskineriet, men etter «sjokkstarten» følgde laga kvarandre tett, og med fem minutt att av kampen var stillinga 7-7.

Todaleingane Jakob (13 år) og Hallvard (17 år) klare til kamp for Surnadal Blades. Foto: Knut Bergli

Da sette Surnadal i gang sluttspurten. Anført av halvt brasilianske og halvt todalske Halvard Pereira Nordvik, som framleis hadde krefter att i beina og hovudet, scora kampens to siste mål! To flotte soloraid, og kampen endte med seier 9-7 til Surnadal Blades Etter kampen var det felles lagbilde og deling av Ozo si nydelege heimeebaka kake. Topp stemning!, skriv Knut til slutt i rapporten sin!

Unge, men myndige dommarar, som hadde full kontroll gjennom heile kampen. Foto: Knut Bergli

Først publisert: 2. mars 2025, 20:33 - Sist oppdatert: 3. mars 2025, 06:21