Ivrige fotballkarar har i år organisert grendacup for passeleg aktive fotballspelarar; Nordmøre Championship. Her er det sett opp seriespel for lag frå Surnadal, Søya, Todalen, Bøfjorden, ØSIL og Halsa/Valsøyfjord. I dag var det seriestart, og temmeleg spent stemning på Øye stadion. Todalen møtte eit antatt betre lag; Trollheim Toppfotball frå Surnadal, men sjokkåpna med scoring av Brage Hauglann Talgø før det var gått fem minutt.
Todalen fortsette å dominere og drog i land ein ganske komfortabel 7-3 siger tross null fellestrening i forkant.
Laurdag klokka 14 er det duka for runde 2, på Bordholmen. Da får Todalen besøk av både Søya og ØSIL, og det blir nok tre underhaldande kampar. Her blir det åpen kiosk og garantert harde duellar.
Her er resten av kampoppsettet: