Det er vel berre så vidt at vi har dekning for å kalle Simen Halle Haugen for todaling kanskje, men vi har iallfall dekning for å seie at det er todalsgener i han.
Simen Halle Haugen tok 3-plassen og dermed bronsemedalje under helga NM i terrengløp i Rindal. Oldefaren Kåre Halle kom frå Austistua, og han hamna i Sandefjord. Kåre er far til Per Halle som igjen er far til Gunnhild Halle og som altså er mor til Simen Halle Haugen – så her må det være løpargener i fleng. Både bestefar Per og mor Gunnhild er nemleg kjent frå resultatlister både på nasjonalt og internasjonalt plan.