Laurdagens bygdadag i Halsa samla eit stort publikum i og omkring Halsahallen på Vågland. Bernt Jørgensen (79) var ein av utstillarane som hadde utestand ved Halsahallen. Her stod han med eit breidt utvalg av produkt som han hadde laga i snekkarverkstedet heime på Skogtun. Han hadde også med nokre strikka og hekla produkt som kona Lovise hadde laga. Bernt hadde fått stand i «traffikk-åra» på vegen inn til Halsahallen.
Her måtte han nok finna seg i å konkurrere med andre utstillarar og mange slags varer som vart bydd fram. Men det er han vant til, for Bernt har delteke på mange slags messer og utstillingar rundt om i distriktet. Og det er han tenkt å halde fram med så lenge helsa held og folk vil kjøpe produkta hans. Men det han likar best er nok å pusle med treproduksjon på snekkarverkstaden heime i kjellaren.