3. dagsfest blir det, både med revy, musikk, bevertning og ikkje minst sosialt samvær. Det lovar revykomiteen som jamnt og trutt har møttes fra september for å sette i saman eit innhaldsrikt program for bygdafolket, tilreisande og alle andre som ikkje bør la dette gå i fra seg. I år fell 3. dagen på fredag, noko som dei håpar skal bidra til fullt hus denne kvelden.
-Vi kjøyrer berre ei forestillig i år, fortel Astri Longva Kvendset, da mange er opptatt på jobb på dagtid. -Alle numra er klare, men skulle det dukke opp inkvart sprellet tett oppunder 3. dag kan ein aldri være for trygg for at vi skviser det inn… Og med namnet «Todalen Ymseri» så seier det seg sjølv at her kan det bli ymse innslag om både smått og stort, høgt og langt som har skjedd i Todalen det siste året.
Årets komité har rekordlåg snittalder, og Nils Ove Bruset blir nærast som 7. far i huset med ungdomane i rundt seg. -Det er betryggende å sjå at det veks oppiatt engasjert og uredd ungdom smiler han.
På programmet denne kvelden blir det derfor både revy, utdeling av den gyldne patron, enkel matservering, musikk og dans til slutt. -Vi håper at bygdafolket og julegjestar kjem på årets siste fest, avsluttar Astrid. Billettar blir lagt ut for salg på Matkroken om ikke alt for lenge, så løp og kjøp, oppfordrar årets revygjeng.