Denne veka har det vore noko uvanleg aktivitet på Kårvatn. Folk frå «heile verda» har vore samla for å lage reklamefilm for det kinesiske droneselskapet DJI for ei splitter ny drone som skal lanserast i løpet av juni -23.
Midt-Norge 110-sentral er blant dei fremste innan bruk av drone i søk og redningsoppdrag i Norge. Sverre Hogstad med sterke aner frå Steinarstua i Todalen har vore med å etablere Midt-Norge 110-sentral sitt droneteam. Han er over snittet interessert i elektroniske installasjoner og var dermed også tidleg ute med dronekjøyring. Han tok interessa si inn i sitt yrke som brannmann og no seinare som leiar for fag og utvikling innen beredskap i Trøndelag brann- og redningstjeneste IKS.
Og da kjem vi til aktiviteten på Kårvatn; Han vart dermed kontakta av droneselskapet DJI når det nyaste innan det nyaste av dronetekonologi skulle promoterast. Han bruka dermed todalskontaktene sine og fekk hjelp av Ivar Bolme til å tilrettelegge for at eit filmcrew fra England, sjefen for DJI si avdeling Tysklad og marketingansvarleg frå hovedkontoret i Kina kunne legge sin reklamefilmshoot til Todalen. Og etter mange timar med planlegging dei siste tre vekene vart filminga sett i gang onsdag kveld.
Og alle store filmprosjekt treng skodespelarar. Så da vart Todalen IL innleidd til å skaffe statistar til både skadd markør, scootersjåfør og hjelpemannskap. Det var god stemning i statisttroppen, som var vant til -5 grader og snø, til tross for at filminga drog såpass ut at innspelinga måtte avsluttas kvelden etter.
Første kveld stilte Ivar Bolme, Elinor Bolme, Endre Talgø, Jostein Bruset, Oda Halle og Nils Ove Bruset.
Andre kvelden måtte nokre av statistane ha stand-in, og Astrid Longva Kvendset, Kristian Gjeldnes og Kjetil Sogge steppa sporty inn for at filminga skulle komme i mål.
Filmen skal lanserast i mai, og vi fekk streng beskjed om «no photo of the drone!». Men såpass kan vi seie, at ho var både stor og fancy, til ein pris på 300 000 kroner. Drona sender bilder og koordinatar til dronebilen som set nåla i kartet ved funn. Dette gjer leiteaksjonar enda betre rusta til å finne dei forulykka. Og med termisk varmesøkekamera og lyskastarar som på ein fotballstadion så er dette eit uvurderleg hjelpemiddel for framtidas redningstjeneste!
Dronebilen er innreid av Sverre sine kollegaer i Trondheim med skjermar både inni og bak.
Todalen IL vil naturleg vis få tilsendt både ferdig reklamefilm på 2-3 minutter og meir bildemateriale frå filmcrewet når dei har fått tina seg opp etter påske.