Alt tyder på at vi her i bygda har sluppet billig unna Gyds herjing når vi ser korleis det har vore rundt om kring. Ikkje minst i Surnadal, der dalen praktisk talt har vore lagt under vatn og har opplevd 50-årsflaum og vel så det i Surna. I Toåa er det til samanlikning registrert 5-årsflaum ved målestasjonen ved Storfossen med topp på rundt 92 m3/sek, men alt tyder på at vassføringa nedafor Storfossen har vore forholdsvis større i Romåa, Haukåa og andre elvar som renn ut i Toåa nedanfor.
På Toåa tursti har Toåa hatt oversløp fleire plassar, men det er kanskje ikkje gjort nokon stor skade. Elles har det vore ras og oversvømming i Øyalia. Her kan det tyde på at det er gjort skade for eit par hundre tusen. I tillegg til ras har det vore omfattande utgraving 2-300 meter av skogsbilvegen, antydar Ståle Ansnes som er grunneigar.
I Brusetmarka har det og gått eit mindre ras i nedre del av Bjørålia, ovafor Sandmo. Her har en del masse glidd ned og sigla nedover ekra mot Sandmo.