Den planlagte sommaravslutninga ved Todalen skule onsdag kveld vart avlyst på grunn av vêrutsiktene. Men torsdag nytta elevane og dei tilsette finvêret til å ta turen til Todalshytta for å ete «Todalsburger» med tilbehør til lunsj. Lunsjen vart servert utandørs, slik at elevane og dei tilsette fekk nyte den fine utsikta nedover bygda og skulen.
Arve og resten av vertskapet på Todalshytta tok i mot gjengen på om lag tretti og varta opp med ein av Todalshytta sine «spesialitetar», nemleg «Todalsburger» med tilbehør.
Vêret var bra, så lunsjen kunne serverast og nytast utandørs i dei nye utemøblane på Todalshytta.
Både mat og atmosfære gjorde lunsjen fullkomen denne dagen, så det var ein godt nøgd og mett gjeng som dro attende til skulen for å ta fatt på dei siste skuletimane!
Todalen skule takkar Arve og gjengen på Todalshytta for ein god og smakfull lunsj!
Nokre bilete til frå gårsdagens lunsj på Todalshytta, kan du sjå under: