Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Todalen»-skiltet er borte

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. september 2021

Skiltet som informerer vegfarande om at dei er komne til Todalen er borte.  I nattens mulm og mørke er skiltet skrudd ned og fjerna frå røra som det var festa. Skiltet stod 20-30 meter utafor brua over Husbekken – før du kjem til Todalshaugen. 

Det ser ut som det har vore travelt for «montøren» som, for klaven heng att på røra, medan andre delen av festet ligg på marka like ved røra som skaltet var festa på. 

Dersom det er nokon som har observert nokon form for aktiviteet i området, så set nok politi og vegmyndighet pris på å få litt informasjon.  Dette er nok enten ei fantestrek eller påbelstrek, der det er gått litt for langt!

Monteringsklaven heng enno på røra. Foto: Jon Olav Ørsal

Resten av beslaget og boltane ligg i graset attmed røra. Foto: Jon olav Ørsal

Publisert: 25. september 2021, 10:20