Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening – ytterlegare 300.000 til prosjektet «Inn på tunet»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 12. april 2022

I fjor fekk Todalen sanitetsforening tildelt 300.000 kroner frå Stiftelsen Dam til prosjektet «Inn på tunet». På fredag kom nok ei «gladmelding», nemleg at Stiftelsen Dam løyver ytterlegare 300.000 kroner, til vidareføring av prosjektet. «Inn på tunet» er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med dement kognitiv svikt, som blir drive av Helga Bele, i Bæverfjord og Solveig Haglund, i Surnadal 

Dette seier Stiftelsen Dam i tildelingsbrevet som kom fredag:

«Stiftelsen Dam viser til søknad fra Frivilllighetens program for besøk og aktiviteter.

  • Søknaden: Gardspensjonat for personer med demens og kognitiv svikt. 
  • Søknadsorganisasjon: Norske kvinners sanitetsforening.
  • Søknadssum 300.000 kroner. 

Vi har gleden av å meddele at dere har fått innvilget søknaden.

GRATULERER!»

– Vi er veldig glade, stolte, og ikkje minst takknemlege for å ha fått innvilga også denne søknaden, seier leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes.

– Dette er ei stor tillitserklæring til oss i Todalen sanitetsforening, og ein kjempestor motivasjonsfaktor for å halde fram med frivillig arbeid, avsluttar ho. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 12. april 2022, 07:10