Todalen sanitetsforening varmar opp til den internasjonale kvinnedagen med å invitere til arrangementet Kvinnehelse: «Det personlege er politisk» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars klokka 18:00 – 20:00. Arrangementet vil fysisk gå føre seg på Youngs (nede) i Oslo, men vil, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, bli strøyma og vist direkte i ungdomshuset.
Likestilling handler om kvinnehelse og utfordringar om/med typiske skjulte kvinnesjukdommar. Summen av sjukdommane er eit samfunnsproblem og skaper store ringverknader.
Et ekspertpanel av forskarar og fagfolk vil vere til stades for å diskutere ulike tiltak og løysingar.
Det blir enkel servering under vegs.
Todalen sanitetsforening oppfordrar til å møte opp i god tid, da strøyminga frå Youngs tek til akkurat klokka 18:00!
Todalen sanitetsforening ønsker velkommen til fagaktuell kveld som rører ved kvinner på eit breitt aldersplan!