Tysdag ettermiddag dro mange av damene i Todalen sanitetsforening til Surnadal sjukeheim for servere kveldsmat til bebuarane. Sanitetsdamene serverte påsmurte brødskiver med mykje godt pålegg, noko som vart godt motteke av takknemmelege bebuarar!
Etter kveldsmaten vart det tid til litt allsong og gratislotteri. Det vart ein fin og hyggeleg kveld, både for bebuarane på sjukeheimen og damene i Todalen sanitetsforening.