Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med plan for hausten

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. august 2021

Etter ein lang periode med pandemi og restriksjonar for arrangement, er det no opna for meir normal drift. Dermed var det klart for medlemsmøte i Todalen sanitetsforening tysdag 24. august, og leiar Maren Ansnes syntest det var kjøle triveleg og stor stas å kunne ønske vel møtt til samling i sanitetshuset att. «Kjekt å terffast!»

På møtet vart det lagt fram plan hausten 2021; det blir tilnærma vanleg drift og aktivitet i sanitetsforeninga framover. Dette så sant det ikkje kjem nye restriksjonar frå styresmaktene.

Medlemsmøte

Det blir medlemsmøte den første tysdagen i kvar månad. Sanitetsforeninga ønsker nye medlemmer velkomne! Den som er interessert og ønsker å bli kjent med sanitetsforeninga, er velkomne til å møte på medlemsmøte eller ta kontakt med nokon i styret. Ein treng ikkje å ha postadresse 6645 Todalen for å vere medlem!

Stort oppmøte på det første medlemsmøtet hausten 2021. Foto: Dordi J H

Godt oppmøtet på medlemsmøtet. Foto: Dordi J H

Fredrikkekaffe/Strikkekkaffe

Neste laurdag, altså 4. september, blir det endeleg Fredrikkekaffe/strikkekaffe igjen. Arndis og Helen poengterer at ein kan kome med eller utan handarbeid, altså møte for sosialt samvær og hyggeleg prat. Det blir enkel servering. Det blir Fredrikkekaffe med jamne mellomrom utover hausten.

Helseforedrag

Torsdag 30. september blir det helseforedrag ved Kari Løvendahl Mogstad. Tema: Demens – kognitiv svikt. Dette er eit aktuelt og viktig tema, og her er alle velkomne til Todalen ungdomshus. Meir informasjon seinare.

VIPPS-basar

Tysdag 12. oktober blir det VIPPS-basar, altså ikkje tradisjonell basar med fullt hus og «stinn brakke» i Sanitetshuset. Opplegget blir som haustbasaren 2020. Meir informasjon seinare.

Marit og Steffi var vertinner. Foto: Dordi J H

Kløvertur

Kvar måndag kl. 11:00 er det kløvertur – alle er velkomne til å vere med ut og gå tur!

Har ein spørsmål som gjeld Todalen sanitetsforening, kan ein kontakte styret:

Leiar Maren Ansnes, nestleiar Kari Kvendset, sekretær Steffi Bohle, kasserar Ragnhild Ansnes Moe eller styremedlemmene Åse Ville Redalen og Ingrid Pedersen.

Dersom ein ønsker å leige Sanitetshuset, kan ein ta kontakt med Anne Helene Teilgård Halset.

Todalen sanitetsforening vart stifta i 1916 – altså heile 105 år med samanhengande drift!

Todalen sanitetsforening er medlem i todalen.no, så her blir nytt frå «Saniteten» lagt ut.

Publisert: 24. august 2021, 23:00