Todalen sanitetsforening sitt årlege «kunstlotteri», har etter kvart vorte ein tradisjon, og 2022 blir ikkje noko unntak i så måte. I år er det kunstverket «Håp om fred» laga av Tanja Heggem Grimsmo som blir lodda ut. Lodd kjøper ein via Vipps: 101456. Hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn lodda skal stå på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Salet av lodd tek til i dag, og trekninga blir under Todalen sanitetsforening sitt årsmøte neste år.
Det vil og vere mogleg å kjøpe lodd i «kunstlotteriet» under «Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars mellom klokka 18:00 – 20:00, der Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse på Youngs i Oslo, blir strøyma og vist direkte i ungdomshuset.
Todalen sanitetsforening sin plakat for «kunstlotteriet», kan du lese her: «kunstlotteriet 2022»