Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening i gang med haustsesongen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. august 2024

Sanitetsforeninga starta haustsesongen med medlemsmøte på Kvernhaugen hos Ragnhild Ansnes Moe og ikkje i Sanitetshuset som vanleg. Dette fordi møterommet no blir restaurert.

Arbeidet med å bygge eige hus for sanitetsforeninga kom i gang på slutten av 1970-talet. Huset stod heilt ferdig i august 1981, og det var stor innviingsfest 27. november 1981. Før Sanitethuset vart bygd, var medlemsmøta arrangerte heime hos medlemmene etter tur. 

Marit Kalseth skriv: «Så stod huset der i all sin stas, til ære for glade og stolte Sanitetskvinner. Stor berømmelse har kommet oss til del, fra fjern og nær. Første leieboer flyttet inn lille julaften 1980, og den andre i januar 1981. Etter kort tid var alle boliger i bruk.»

Arbeidskarane Martin og Ted i sving med oppretting av golvet i Litjrommet. Foto: Dordi Jorunn Halle

I Sanitetshuset er det fire leiligheiter som er nyoppussa, og no er møterommet under restaurering. Restaureringa av siste leiligheita vart ein god del dyrare enn planlagt, og så økonomien til foreninga gjer at berre det aller mest nødvendige kan bli gjort no. I møterommet blir det lagt nytt golv og veggene måla. Men pengar til innkjøp av nye og lettare møblar er det dessverre ikkje pengar til. Ted og Martin utfører restaureringsarbeidet. Medlemmer i prosjektgruppa for oppussinga er Solveig Glærum, Steffi Bohle, Tonje Kinderås og Kristine Saksen.

Sekretær Steffi Bohle (til venstre) og leiar Solveig Gærum er med i prosjektgruppa for oppussing; eit spennande prosjekt! Dei er glade for at arbeidet er i gang! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Plan framover:

Måndag 19. august: Oppstart kløvertur.

Tysdag 10. september: medlemsmøte i Sanitetshuset.

Måndag 23. september kl. 18:00: Kurs i førstehjelp i Ungdomshuset. Britt Moen er instruktør.

Tysdag 1. oktober: medlemsmøte.

Onsdag 16. oktober: Basar.

Strikkekaffe blir det først når oppussinga av møterommet er gjennomført.

Følg med på todalen.no for oppdatert informasjon frå Sanitetsforeninga.

Fleire bilete:

Slik ser det ut no. Sanitetskvinnene er glade for at arbeidet er i gang og er spente på resultatet! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Triveleg å møtast i utestua til Ragnhild! Attast står vertinne og kasserar Ragnhild Ansnes Moe og leiar Solveig Glærum. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Riktig god servering! Synnøve og Marit i framgrunnen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

 

Først publisert: 13. august 2024, 23:40 - Sist oppdatert: 14. august 2024, 05:42