Etter skogbrannen på Gjeldnes 6. juni 2007, der Todalen Sanitetsforening stilte med mat og drikke til brannmanskapet, har det vore tala om ein omsorgsberedskapsavtale mellom Surnadal kommune og sanitetsforeninga. Sist sommar vart det av di oppretta ei beredskapsgruppe i Todalen sanitetsforening med Kari Kvendset som leiar. Ho har sidan august 2009 vore i jamnleg kontakt med Surnadal kommune for eit formelt samarbeid.
Torsdag 25. januar vart denne avtala endeleg signert på kommunehuset på Skei, av Kari Kvendset og rådmann Geir Vikan. Dette er den første omsorgsberedskapsavtalen som Surnadal kommune no har knytt seg til, noko som styret og resten av medlemmane i Todalen Sanitetsforening seier seg godt nøgd med, seier leiar Åse Ville Redalen.
Med dette blir leiaren i beredskapsgruppa innkalla til kommunen sine beredskapsmøter, øvingar og anna relevante arrangement som høyrer beredskapen innan kommunen til. Og i gjengjeld vil sanitetsforeninga stille både med mat og husrom for hjelpemannskapar, samt omsorg for pårørande.
I Rindal har ein slik avtale vore gjeldande i eit par år no mellom komunen og Rindal sanitetsforening.