Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening får 300.000 til prestisjeprosjekt for «Inn på tunet»

Det er pengar frå stiftinga Dam som no kjem foreninga og prosjektet «Inn på tunet» til gode. Det har vore jobba med prosjektet i over eit år, og denne veka kom det klarsignal om at søknaden var innvilga.  Dermed var det klart for å informere alle involverte – medlemar og ikkje minst den lokale pressa om kva som er på gang.

Prosjektet «Inn på tunet» går enkelt forklart ut på at ein har utvikla eit tilbod til personar som er ramma av demens ein sosial dag og ei positiv endring i kvardagen der dei blir aktivert med turar eller arbeid etter evne og fysisk form.  God mat høyrer også til og skal være med og gje ei positiv oppleving.

Sjølvsagt var det traktering etter pressemøtet – Åse V. Redalen bydde på fingermat. Foto: Jon Olav Ørsal

Stiftinga Dam er ein av Noregs  største stiftingar,  som gjev pengar til  helse- og forskingsprosjekt som skal gje betre helse gjennom deltaking, aktivitet og meistring. Pengane kjem frå Norsk tipping og spelet «Extra», der 6,4 % av inntekta går til Dam-stiftinga.  Todalen Sanitetsforening leverte ein god gjennomarbeidd søknad på heile 24 sider, og fekk altså full pott på kr 300.000. Leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes lovprisar samarbeidet med søknadsprosessen i NKS sitt sekretariat, og er audmjuk for tildelinga som har skjedd frå Dam-stiftinga.

Todalen Sanitetsforening har samarbeidd med Solveig Haglund i Oppistua Øye og Helga Bele i Jostua Bele som allereie er i gang med eit dagtilbod for demenssjuke, og vil no når finansieringa er i hamn vidareutvikle dette gjennom samarbeidet med Todalen Sanitetsforening.  Det blir no i første omgang lagt opp til eit helgetilbod for både demenssjuke og deira pårørande – det er alt planlagt 3 helgar i haust og 2 på etterjulsvinteren neste år.

Heile gjengen gler seg no til å kome i gang med prosjektet, som vil bli ein kombinasjon av offentleg, privat og frivillig satsing på omsorgsarbeid. 

Publisert: 14. juli 2021, 14:34