Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen.no – medlemskap

Todalen.no – medlemskap

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2010

Todalen.no er nettsida for todalingar, både innfødde og utfløtta, samt andre todalsvener som likar å ta del i det som foregår i bygda og som vert omtala på nettet. Tida er no inne for å formalisera Todalen.no, og 30. mars i år vart foreninga Todalen.no stifta. Foreninga fikk sine vedtekter og eit interimstyre som skal losa foreninga gjennom det første driftsåret. No går vi ut for å for å verve medlemar til Todalen.no

I første omgang går vi ut til bedrifter, lag og organisasjonar med tilhørighet i Todalen er den første målgruppa. Disse tilbys reklameplass eller egne info-sider som selges mot årleg leige, og får i disse dager eit brev med orientering om prisar og betingelsar. Prisen for bedrifter er kr 2000 og for lag og organisasjonar er prisen kr 1000 for det første året. Ein reklameknapp med link til eventuell heimeside er da inkudert. I tillegg vil Todalen.no kunne informere om saker redaksjonellt.

Todalen.no håpar at flet muleg av firma, lag og organisasjonar vil tegne medlemskap og dermed være med å gi eit økonomisk fundament for å drive Todalen.no. Hittil har nettstaden vore drevet på rein dugnadbasis, med litt økonomisk støtte frå bygdemobiliseringsprosjektet «Godt mot, Todalen!».

Vi i redaksjonsgruppa er glade for at Todalen.no er godt motteken i «markedet». I april har vi hatt ca 14.000 besøkande på sida, og det har auka jamt og trutt for kvar månad sidan starten.  Dette håper vi sjølvsagt vi vil fortsette, og vi tykkjer at det lovar godt at to bedrifter meldte seg på allerede same dag som dei fikk brevet.  Kårvatn Fjellutstyr og Talgø har allerede meldt seg på.

Dersom det er bedrifter eller lag og organisasjonar som ikkje har fått brev med tilbud om medlemskap, så er det berre å ta kontakt med oss på e-post: todalenno@gmail.com eller ta kontakt med Elinor Bolme.

Publisert: 30. april 2010, 18:00